Balder Brygg

Balder Brygg

Balder Brygg starta med ølproduksjon i 2012 på Leikanger i Sogndal kommune. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av ein meir enn tusen år gammal vestnorsk heimebryggartradisjon.

Balder Brygg ligg på Leikanger i Sogndal kommune, langs nordsida av den lange Sognefjorden, mellom Balestrand i vest og Sogndal i aust. Fjell, isbrear og fjord omkransar Leikanger og gjer plassen til ei naturperle rik på opplevingar for dei naturglade, med eit klima som er unikt og frodig. Førsteklasses eple, pærer og ulike bærsortar, i tillegg til naturlege krydder- og konserveringsurter, er difor eit kjenneteikn for Leikanger. Det faktum at Leikanger har 35–40 aktive heimebryggarlag, understøttar vår forankring og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikle desse vestnorske tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydeleggjere profilen vår. Balder Brygg hentar inspirasjon til namn og logo frå den 8 meter høge bautaen Baldersteinen i Balders hage på Leikanger. Baldersteinen vert hevda å vere den høgste bautaen i Nord-Europa, og er frå førkristen tid. Harald Hårfagre, mannen som samla Noreg til eitt kongerike, trakka sine barnebein i Balders hage. Øltradisjonen var på den tida solid forankra på Vestlandet, og det gode klimaet i Leikanger, der både korn, sprake, skårakonge, humle og andre krydderartar trivst godt, borgar for at gudegåva øl var tyrste- og festdrikk på Leikanger allereie då – både for folk og gudar.

Balder brygg bilde
Balder brygg logo
Balder Brygg er tilgjengelig her:
klikk for kontaktinfo